Vårprogrammet er endeleg klart!

Velkomen til nok ein kulturell sesong med foredrag, boklansering, aktivitetar for ungar og mykje meir.
Våren byr mellom anna på storfint besøk av countrystjerna Tove Bøygard, og aller først eit kurs for frivillige og andre som driv med øvingskøyring. Vang mållag presenterer nye vangsgjeldingar og Vinjerock arrangerer klimadebatt med innlegg frå mellom anna miljøstiftelsen ZERO. Morsmålsdagen og fleirkulturell vårfest blir feira som tidlegare år.

Vang sin nye kulturminneplan skal under lupen, samstundes som vi stiller ut Anne-Marte Før si utstilling 'Handverkaren'. Og Torstein Lerhol har skrive sjølvbiografi - den blir sjølvsagt lansert i heimbygda.

'Social Club' og 'Filmnight' er tilbake, denne gongen på fredagskveldane, og vi held fram med lekseklubb kvar tysdag og lesesirkel om lag ein gong i månaden. Alt er gratis og ope for alle!


Last ned programmet her

2024 © Vang frivilligsentral