Vellykka øvingskøyringskurs

Sju ledsagarar fikk gode tips og råd for øvingskøyring på Vang frivilligsentral onsdagskvelden.

Heidi Hålien frå Valdres trafikkskole forklarte korleis køyreskulen deler opplæringa inn i fire trinn, og kva som er viktig å fokusere på på dei ulike trinna. Deltakarane stilte mange spørsmål og delte også av eigne erfaringar, så det vart ein god dialog kring bordet. Nokon av dei har eigne ungdommar i hus som er i gang med øvingskøyring, andre er frivillig som køyrer med busette flyktningar i frivilligsentralen sin bil. To nye frivillige meldte seg også denne kvelden, og det er vi veldig glade for! 

Vang frivilligsentral har drive med øvingskøyring i over fire år, og til no har fem flyktningar tatt lappen som følge av mengdetreninga dei har fått her. Sertifikatet er for mange ein viktig nøkkel for å kunne bu og trivast i Vang - ei ny verd opnar seg, med større mogelegheiter for både jobb og sosiale aktivitetar. Vi har no ein litt nyare bil enn den forrige, og gler oss til å kome i gang igjen med aktiviteten!

2024 © Vang frivilligsentral