-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
Niste med noko attåt
Vi startar opp ein ny, fast møteplass, nemleg ‘Niste med noko attåt’! Kvar måndag frå 11.30 til 12.30 er folk velkomne til å spise nista si saman på biblioteket – og det er sjølvsagt lov å kome utan niste óg. :)Vi serverer kaffi og te, og små kulturelle innslag. Dette er meint som ein uformell møteplass som er ope for alle, og vi håper å få besøk både av folk som er heime og ønskjer sosial kontakt, og folk som er på jobb på andre arbeidsplassar.
Det å møtest og prate saman står i fokus, men kvar veke vil det også vere små kulturelle innslag. Det kan vere litt høgtlesing, litt musikk, nokon som fortel om eit aktuelt emne osv. Kanskje kan dei kulturelle innslaga føre samtalen inn på nye vegar?
Alle må følgje gjeldande smittevernreglar, og halde avstand, ha god handhygiene, og ikkje møte om dei har luftvegssymptom. Vi fører deltakarlister for eventuell smittesporing. Vi har plass til å spreie oss rundt i lokalet på fleire langbord om dette skulle bli populært, så enn så lenge treng ikkje folk melde seg på, det er berre å møte opp!
Del på:
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
MØTEPLASSEN
Torsdag 11. april kl. 14 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Mjøsvang Kafé.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.