Lørdag 7 September 2019
Kl. 13:00 - 17:00, Vang mottakssenter
#VårtNabolag
Det er duka for nok ein nabolagsfest i Vang når eindagsfestivalen #VårtNabolag inntek bygda med mellom andre Aasmund Nordstoga, Miss Tati og Panta Rei! Festivalen er for ALLE og det heile er sjølvsagt gratis!

– Eg gler meg veldig. Dette er den beste dagen i året, for då får vi vist fram mangfaldet og varmen som er her i Vang, seier Egil Bjørnsland ved mottakssenteret.

Denne gongen er artistane Aasmund Nordstoga, Miss Tati og dansekompaniet Panta Rei blant dei som står på scena, og det lovar godt for både god stemning og danserytmar.

Som tidlegare skal vi også høyre frå barnekoret og Nabobandet. Og er du blant dei som ikkje er den mest sjølvsikre på dansegolvet, kan du lære nokon triks når vi får eit aldri så lite dansekurs direkte frå scena med Jørn Hilme-stemnet. I tillegg blir det leik og aktivitetar.

– Vi har fått til eit veldig spennande program i år. Her er det noko for vaksne, noko for ungar og alle kan vere med å danse, seier Bjørnsland.

Som vanleg arrangerer Vinjerock dette saman med Vang mottakssenter, Vang frivilligsentral og Oslo World. Bebuarane på mottaket står for matserveringa, i tillegg til å opne heimen for oss. Vi får mellom anna smake vårrullar, zambusa og ei eritreisk gryte, kan mottaket fortelje.

For meir info kan ein kontakte:
Julie Forchhammer på julie@vinjerock.no
Boye Skøre på boye@vinjerock.no
Egil Bjørnsland på 412 63 382 

Program

13.15: Aasmund Nordstoga

13.50: Panta Rei

14.10: Vang Barnekor

14.30: Miss Tati

15.05: Nabobandet

15.30: Halling med Hilme

16.05: Miss Tati DJ set

Om artistane:

Aasmund Nordstoga
Visesongaren, gardbrukaren og telemarkingen har vore nominert til spelemannspris to gonger for albuma sine. Repertoaret hentar han på heimebane, og spelar ofte gamle viser i ei ny drakt. Den siste soloplata hans inneheld mykje tekstar frå diktaren Aasmund Olavsson Vinje, så dette burde passe ganske perfekt inn når han tek med musikarane sine på scena i Vang. 

Miss Tati
Ho kom med debutalbumet «Finally, Tati!» i 2017 som sanka både fem og seks auger på terningane. Ho har spelt på store festivalar som Slottsfjell og Øyafestivalen. Med røtene frå Portugal og Angola spelar ho ein deilig miks av Hiphop, soul og RnB, som garantert vil få det til å rykke i dansefoten. 

Panta Rei Danseteater
Dansekompaniet har sidan oppstarten i 2000 turnert både her til lands og i utlandet med førestillingane sine. Dei har spelt for fleire tusen publikummarar og hatt fleire kurs i dans.

Dei held danseverkstad med kulturskulen i Vang, og resultatet får vi sjå på scena! Og om du vil vere ein av dansarane, så finn verkstaden stad på Vang mottakssenter klokka 11-13!  

2024 © Vang frivilligsentral