Fredag 28 Februar 2020
Kl. 18:00 - 20:00, Intersport Filefjell
Skredkveld med Leif Øyvind Solemsli
Vil du lære god turplanlegging ut frå skredvarsel og skredfarevurdering? Fredag 28. februar kl 18 inviterer Intersport Filefjell og Vang frivilligsentral til skredkveld med Leif Øyvind Solemsli.

Kurset er ein del av frivilligsentralen sitt fokus på mestring og læring i 2020. Leif Øyvind har jobba som skredobservatør for snøskredvarslingen sidan oppstarten i 2013, i tillegg har han vore snøskredvarsler og «skredsprenger» for Wyssen Avalance Controll. Han held fleire slike kurs i Valdres denne vinteren.

- På kurset tar vi for oss turplanlegging og gjennomføring av ein topptur. Kva må vi ta hensyn til i forkant, kvar finn vi informasjonen vi treng, korleis les og tolkar vi snøskredvarselet på varsom.no, og korleis skal vi opptre underveis på turen, seier den engasjerte kurshaldaren. I tillegg lovar han nokre utstyrstips for ein fin og sikker tur, og gode rabattar på skredutstyr og skisekkar til deltakarane.

Kurset er gratis og ope for alle!

2024 © Vang frivilligsentral