Onsdag 29 Januar 2020
Kl. 19:00 - 20:30, Vang folkebibliotek
Kunsten å ikkje kaste mat
Onsdag 29. januar kl 19 kjem mataktivist og forfattar Thomas Horne til Vang folkebibliotek. Velkomne til eit matnyttig foredrag!

Vi kastar ein tredel av all maten vi produserer. I dette foredraget lærer du å vurdere maten med sunn fornuft og eigne sansar, og gi blaffen i datostemplinga - på ein enkel, velsmakande og underhaldande måte.

Thomas Horne har skrive boka Kunsten å ikke kaste mat, ein systematisk gjennomgang av korleis du kan bidra til å redusere matsvinn. Horne har også gitt ut fem kokebøker og to lærebøker i samfunnsfag, samt bestseljaren Ølbrygging fra hånd til munn. Han har lang fartstid frå m.a. Amnesty International og Flyktninghjelpen, der han jobba med menneskerettar, verdispørsmål og naudhjelp i krigssoner.

Foredraget er i regi av Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek, og er ein del av årets satsing på mestring og læring.

Flere kalenderoppføringer
2024 © Vang frivilligsentral