Onsdag 20 Mars 2019
Kl. 19:00, Vang folkebibliotek
Klima i endring - kva gjer vi med det?
Korleis kan god klimaleiing i både kommune, næringsliv og hjå private gjere regionen betre rusta til å takle utfordringane klimaendringane gir oss?

Vinjerock, Vang Frivilligsentral og Gjensidige Valdres ønskjer velkomen til denne spanande og viktige temakvelden. Programmet startar med tre innleiarar, som alle har god erfaring med klimaspørsmål i sitt daglege arbeid:

  • Klima- og miljøkonsekvensane har allereie innverknad på oss, ikkje minst forsikringsbransjen. Berekraftsdirektør i Gjensidige, Bente Sverdrup, prater om korleis me planlegg å møte desse utfordringane best mogleg.
  • Rådgjevar i Miljøstiftelsen ZERO, Jenny Skagestad, vil med utgangs- punkt i ZERO si sjekkliste for kommunale klimatiltak prate om korleis norske kommunar kan setje klimaarbeidet i system. 
  • I Hamar kommune er dei godt i gang med heilskapleg klimaplanlegging. Ordførar Einar Busterud fortel korleis dei jobbar med ulike klimatiltak.


Etter pause leier Gro Lundby ein klimadebatt med ordførarkandidatar/listetoppar i haustens kommuneval:

  • Vidar Eltun, AP            
  • Torstein Lerhol, SP
  • Leif Solemsli, Bygdelista    
  • Erlend Eggen, MDG


Fri entre. Kaffi og kringle. Vel møtt! :) 

2024 © Vang frivilligsentral