Onsdag 20 November 2019
Kl. 19:00, Vang folkebibliotek
Arrangørkurs
Er du ein privatperson som skal invitere til konfirmasjon, 60-årslag eller eit anna større selskap? Eller eit frivillig lag eller ein liten bedrift som skal arrangere konsert, seminar eller ein idretts-event? Hjarteleg velkomen til arrangørkurs!

Ellen Persvold frå Jørn Hilme-stemnet og Boye Skøre frå Vinjerock gir deg tips og råd om praktiske og tekniske utfordringar, organisering, konsept og program. Du får også nokre tips til marknadsføring av Marte på frivilligsentralen og Hallgrim Børhus Rogn frå Innovangsjon, dersom det er eit offentleg arrangement du skal organisere.

Det er mykje praktisk ein må tenke på når ein planlegge eit arrangement. Korleis skal folk bevege seg på staden, kva trengst av lys- og lydutstyr, straum, toalett, osv. Korleis skal programmet appellere best mogeleg til publikum, korleis får dei informasjon, du skal planlegge mat og drikke, kor tett bør programmet vere for at folk også skal få tid til å prate saman? Dette er like aktuelt enten du skal invitere 30 gjestar på fest eller lage eit offentleg arrangement for hundrevis av besøkande. Om ein planlegg godt så blir det mindre stress og ein får betre tid til å vere verskap for gjestane sine :)

Vi avsluttar kvelden med ein enkel kafédialog der deltakarane sjølv får diskutere gode idear til arrangement. Det blir kaffi og kringle, arrangementet er gratis og alle er velkomne! :)  

2024 © Vang frivilligsentral