Øvingskøyring

Vil du øvingskøyre med ein av våre dyktige frivillige? Eller vil du sjølv bli frivillig?

Aldersgruppe: 16 til 100 år

Dette er eit tilbod til busette flyktningar og andre som bur i Vang, som treng mengdetrening i tillegg til ordinære køyretimar. Vi har ein eigen bil til formålet. I samarbeid med Vang læringssenter har vi utvikla retningsliner for øvingskøyringa. Dei som vil øvingskøyre må vere over 16 år, dei under 25 må ta trafikalt grunnkur. Dei må beherske norsk minimum A2 nivå, og fylle ut ein plan for motivasjon,  finansiering og framdrift. 

Den som skal vere frivillig må vere over 25 år og ha hatt sertifikat dei siste 5 åra. 

2024 © Vang frivilligsentral