PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Tilbod

Dette er aktivitetar vi kan tilby pr. no, ta kontakt om du har behov så prøver vi å hjelpe deg:

 

  • Besøksven

frivillige kan kome på besøk, hjelpe deg å handle e.l. 

 

  • Leksehjelp 

ta kontakt om du/bornet ditt treng leksehjelp så prøver vi å finne frivillige.

 

  • Hjelpetenester 

treng du hjelp til noko i hus eller hage? Vi tar på oss korte oppdrag, dvs max 2 timar. Oppdrag som kan utgjere ein fare for den frivillige må vi si nei til (til dømes snømåking av tak.) NB Vi tilbyr berre enkeltoppdrag, ønskjer du jamnleg hjelp må du avklare dette sjølv med den frivillige.

 

  • Turven

ønskjer du følgje på fjelltur eller rusleturar langs vegen? Vi har frivillige turvener!

 

  • Velkomstven

i samarbeid med Innovangsjon tilbyr vi ein velkomstven om du er ny i bygda eller berre ønskjer ein 'link' inn i eit sosialt nettverk.

 

  • Språkkontakt

ta kontakt om du ønskjer frivillige til å trene/praktisere norsk med.

 

  • Øvingskøyring 

bur du i Vang og planlegg å ta lappen, og treng nokon å øvingskøyre med? Vi har ein eigen bil til disposisjon og frivillige som ledsagarar. Du som øvingskøyrer betaler bensin. NB lang venteliste.

 

Nye tilbod?

Det finnst utallige mogelegheiter for kva frivilligsentralen kan starte med - så lenge vi har frivillige som vil delta. Kanskje du har eit yrke eller ein hobby som kan vere nyttig for andre? Vil du halde kurs, starte ei sjølvhjølpsgruppe, eller berre bidra med ditt nærver - ta kontakt!

 

NB: Alle dei frivillige som gjer oppdrag gjennom Vang frivilligsentral, har teieplikt. Ingen av oppdraga er betalt.

 

Under ser de Sølvi som driv med øvingskøyring, Abdela, Marvan og Lazkin som hjelper eldre i hus og hage, og Ottar som er ein av leksehjelpene våre.