Onsdag 1 September 2021
Kl. 19:00, Vang folkebibliotek
Thorvald Steen
Thorvald Steen kjem til Vang og tek opp att tråden frå bokbadet for snaue to år sidan.

Han vil prate meir med vangsgjeldingane om korleis det er å vere annleis, om skamkjensle og hemmeleghald. I samtala med Kirsti Baggethun i 2019 stod dei to siste bøkene hans i fokus, Det hvite badehuset (2017) og Det siste fotografiet (2019). Det er desse sjølvbiografiske romanane som er utgangspunktet for føredraget. Livet med ein arveleg muskelsjukdom gjer Steen enno meir stridslysten og engasjert enn han kanskje hadde vore som frisk. Det vide engasjementet er synleg også utanfor Noregs grenser. I fjor vart han tildelt den prestisjetunge tsjekkiske prisen Gratias Agit. Prisen får han for sin innsats for mellom anna ytringsfridom og menneskerettar. 

Steen er ein Valdres-entusiast; dalføret er ei perle for han. Heilt sidan barndomsåra har Steen vore mykje på Gomobu og han kjenner området svært godt. Som bonusspor i føredraget vil han difor fortelje kvifor han er så oppteken av Valdres og kor mykje fjellområda her betyr for han. Kanskje vil du kjenne deg att i det han fordel om Valdres si historie og natur og korleis den verker inn på kulturen og psyken til folk, anten dei er frisk eller sjuke.   

Thorvald Steen sine bøker er oversett til meir enn 30 språk, han har motteke fleire prisar i inn- og utland og markert seg som ein av Norges mest internasjonalt orienterte forfattarar. Han er og ein kjent skikkelse i dei litterære kretsane i utlandet grunna sine historiske romanar.

I vår kom boka Same tid neste veke : Samtaler med Thorvald Steen av Mette Karlsvik. Og nyleg var det premiere på filmen om hans liv, Kunsten å plystre av Peter Maning, på filmfestivalen i Haugesund. I sommar kom Steen sjølv med langdiktet Kveita. Her tek han utgangspunkt i Karl XII sin og si eiga frykt for å falle, og skriv om mot, overmot og død.

I haust har vi plassrestriksjonar. Viss du vil sikre deg plass,
meld deg på til 61 36 94 26 eller biblioteket@vang.kommune.no

2024 © Vang frivilligsentral