Frivillig-fakta

Vi har over 100 registrerte frivillige, og vi treng fleir! :)

Vi bur i ein kommune der det mange stader er langt mellom husa. Der nokon har stor familie rundt seg, og nokon kjenner seg meir åleine. Der det ikkje går bussar kvart tiande minutt, og det kanskje kjennes langt til butikken, eller til nokon å be om hjelp. Ein kommune med mange frå ulike nasjonar, der nokon synes det er vanskeleg å kome inn i eit sosialt nettverk. Frivilligsentralen er heile kommunen sin frivilligsentral, og mottoet er MØTE MELLOM MENNESKE.

Kva forventast av deg som frivillig?

Kor mykje tid du vil bruke og kva du ønskjer å bidra med, velgjer du sjølv.
Du inngår ingen langsiktig avtale – du held fram så lenge du synest dette er givande.

Praktiske omsyn

Sidan alle som arbeider for frivilligsentralen stiller opp frivillig kan vi ikkje garantere at alle får den hjelpa dei ber om. Men vi garanterer at vi skal gjere så godt vi kan. Oppgåver som utgjer ein fare for dei frivillige, må vi seie nei til. (Til dømes snømåking av tak o.l.)

Alle dei frivillige som gjer oppdrag gjennom Vang frivilligsentral, har teieplikt. Vi gir deg gjerne ein attest når du har jobba som frivillig for oss.

Vil du bli frivillig?

Kom innom kontoret på Vangstunet så tar vi ein prat. Dette er skjemaet du må fylle ut - men det kan vi altså gjerne ordne saman.

Skjema frivillig


2024 © Vang frivilligsentral