PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Vårprogrammet er klart

Endeleg er programmet for våren på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral klart! Og det er med glede vi kan fortelje kva publikum har i vente. Som tidlegare år feirar vi morsmålsdagen, denne gongen med ein forrykande trommekonsert av Zwai Mbula. Det blir foredrag om damer i historien akkompagnert av Thea & The Wild, og teaterkåseri om Vidar Sandbeck. Vi har fleire samarbeid denne våren, både historielaget og turlaget har ansvar for kvar sine temaforedrag, og Vinjerock og miljøstiftelsen ZERO inviterar til temakveld om grønn teknologi. I tillegg er det eit variert utstillingsprogram i galleriet, som famnar både fotokunst, skulpturar, barnekunst og ei vandreutstilling om Margit Sandemo som allereie står oppført.
 
Men vi startar med musikk allereie på sundag, med klassisk gitar i samspel med både langeleik og fleire dyktige songarar. Musikk blir det også i mai når sjølvaste Frida Ånnevik kjem til Vang! Vi er utruleg stolte over å ha fått til ei avtale med Ånnevik, som er ein fantastisk musikar som treff både unge og gamle, ho trollbind i alle fall oss... At ho vann spelemannspris sist laurdag viser også tydeleg at her har vi gjort eit skup.
 
Fotoklubben og teikneklubben held fram med å møtast annankvar tysdag, og desse kveldane er det generelt mykje liv og røre med 'clubnight' - ope hus fram til kl 22. Norsktime onsdagar og avistime fredagar er faste innslag, i tillegg er lesesirkelen aktiv og veks frå gong til gong. Berre ta kontakt om du ønskjer å hive deg med!
 
Velkomen til ein kulturell vår i Vang, og hugs - på biblioteket er det alltid gratis og ope for alle. Programmet finn du også på nettsidene og facebooksidene våre.
 
Helsing Åsta, Marianne, Astrid og Marte på biblioteket og frivilligsentralen i Vang
vårprogram 2017.jpg (1)

du kan laste ned programmet her: