PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Opning av skulpturutstilling

Laurdag 25. mars kl 14:00 opnar utstillinga TØMMER OG STEIN - LANGSOMT i galleriet på Vang folkebibliotek. Utstiller er bilethoggar Hanne Herrman, busett i Ryfoss. Ho er utdanna biletkunstnar og akademikar frå Norge og Frankrike, og kunst og kultur har alltid vore viktig i livet hennar. - Jeg er overbevist  om at kunst og kultur, utveksling av ulike former for menneskers kultur- og kunstuttrykk er den beste måten å forstå hverandre og møte hverandre med gjensidig respekt – på en fredelig, ikke-voldelig måte. Dét trenger verden mer enn noen sinne, seier ho.
 
Utstillinga består av marmorarbeider frå ein lengre arbeidsperiode i Italia, samt nokre nye arbeid frå den spede våren 2017 i Ryfoss. Verka er i relativt lite format, og formspråket er abstrakt og enkelt. Utstillingsansvarleg på biblioteket Marianne Isachsen er stolt over å kunne presentere ei annleis utstilling i galleriet. - Vi har mange spennende kunstnere i bygda vår, og det er fint å kunne vise fram så mange ulike kunstuttrykk i biblioteket. Rommet forandrer seg veldig med ulike bilder på veggene, og nå er eg spent på å se det fylt med disse verkene i tre og stein, seier ho.
 
Alle er hjarteleg velkomne til opninga - biblioteket har til og med fått løyve til vinservering. Utstillinga blir ståande ut april.
 
 
hanne herrman tømmerskulptur.JPG