PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Haustprogrammet er klart!

 Vi startar med å gjenta ein suksess vi har hatt før, nemleg blomebindingskurs med Line Marie Wangensteen. Fleir aktive kveldar blir det når vi inviterer til både drakeverkstad og legoverkstad. Vi har to utstillingar, først av ei masteroppgåve i arkitektur og så Solveig Ane Øksendal som er årets haustutstillar. Det blir bokbad med Jostein Gaarder, 'lyrikk og musikk' og den tradisjonsrike bokkvelden med utdeling av positivprisen. Så får vi sjå om vi kan blande tradisjonar når vi inviterer til 'fleirkulturell førjulsfest'. Vi byr også på to spanande temakveldar, ein om ledsagerprogrammet i Palestina/Vestbredden og ein om EU.

Norsktimen vi har hatt kvar veke i mange år må vi dessverre avslutte, men vi prøver oss med noko nytt og inviterer både dei som vil lære norsk og andre til å spele Alias kvar fredag formiddag. Du kan laste ned programmet her:

Alt er gratis og ope for alle - velkomen!

haustprogram 2017.jpg