Velkomen til oss

Frivilligsentralen skal vere drivkraft for frivillig verksemd i Vang, med visjonen Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn. 

Vi har som mål å:

1: Førebygge einsemd og bygge fellesskap på tvers av alder, kultur, bakgrunn og interesser.

2: Vere eit bindeledd mellom frivillig, offentleg og privat sektor, og ein støttespelar for frivillige lag og andre arrangørar.

3: Inspirere lokalsamfunnet i arbeidet med bærekraft, mangfald, solidaritet, likestilling og inkludering.

Aktivitetar, tilbod og prosjekt

Her kan du lese meir om kva vi har av aktivitetar og prosjekt på sentralen, og kva du kan bidra med eller delta på:

Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?

Les mer

Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.

Les mer

Grindaheim Røde Kors Omsorg har besøksvener som gjerne stikk innom om du ønskjer besøk.

Les mer

I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!

Les mer

Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag mogelegheitene du får med meir digital kompetanse!

Les mer

Treng du hjelp til småting i heimen?

Les mer

Saman skal vi gjere frivilligheita i Vang enno meir synleg og tilgjengeleg!

Les mer

Frivilligsentralen hjelper frivillige lag med marknadsføring og rådgiving.

Les mer

I samarbeid med Vangsheimen rekrutterer vi frivillige som køyrer ut middag til heimebuande eldre og uføre.

Les mer

Frivillige serverer kvar sundag middag på Storplogen omsorgsbolig.

Les mer

Gjennom 'Leva heile livet' og 'Levande lokalsamfunn' har vi utvikla Møteplassen - for felles middag og aktivitetar.

Les mer

Vi har to språkkaféar: Torsdagar kl 10 - 12 på Vang mottakssenter med Aud Kvale og onsdagar i oddetalsveker kl 13 - 15 på Vang folkebibliotek med May Tove Mellum.

Les mer

Vil du bidra?

Ønskjer du å bidra som frivillig? Registrer deg her eller ta kontakt med Marte eller Inger :)

Kulturprogram

Vi arrangerer mange kulturelle hendingar saman med biblioteket, her finn du programma våre.

Frivillige lag i Vang

Oversikt over frivillige lag i Vang finn du på foreningsportalen. Portalen er drifta av frivilligsentralen i samarbeid med Innovangsjon.

Saman har vi også skrive ei rekke presentasjonar av dei ulike laga.

Sjekklista er eit forslag til lag som arrangerer ulike arrangement. 

Lenker

Nyttige lenker til våre samarbeidspartarar og andre viktige aktørar på feltet:

2024 © Vang frivilligsentral